Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Måråe / Mårådalen 2012

Ørret:

Fisketiden

Kart


Mykje smeltevatn frå breane gjev dårleg fiske


Øvre deler av Måråe-vassdraget ligg inn mot Skridulaupen, Raudegga og Kvitlenova med Mårådalsbreen. Her finn du botnar og alpint landskap. Måråe renn frå vatnet under Mårådalsbreen i Breheimen og ned gjennom den relativt flate Mårådalen med dei 3 Mårådalstjønna og ned i Heillstuguvatnet.


Like før Heillstuguvatnet renn Vassvenda inn i Måråe frå vest. Vassvenda kjem frå Raudeggbreen. Den renn ned i Vassvendtjønna. Innløpet er ei grusvifta som er vasskiljet mot Vestlandet. Den delen av vatnet som tek vestleg løp på vifta drenerar til Stryn, og vatnet som tek austleg løp, drenerar til Måråe. Frå Heilstuguvatnet ( 1003 m.o.h.) renn Måråe ned og ut i Otta i vestenda av Grotlivatnet.


Gamle Strynefjellsvegen, Riksveg 258, går på vestsida av Heillstuguvatnet og forbi Vassvendtjønna.

Måråe får breslam frå Mårådalsbreen og Raudeggbreen og kan gå heilt grå på varme sommardagar.


Fin aure


Du kan ta fin fangst av aure på garn i vatna og på stong i Mårådalen. På dagar med mykje smeltevatn frå breane, er fisket dårleg, forteller Morten Kielland, som har skreve artikkelen som vi har henta desse opplysninagne frå.


Informasjon

Fiskekort

Kategori: