Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

- Ein fantastisk Jølster Aurefest!

Sogningen kan smile breitt etter å ha vunne hovudpremien på Jølster Aurefest. For tre timars fisking og ein aure på 357 gram, får han no overført 100.000 kroner til bankkontoen.

Hovudkonkurransen under festivalen er idealvekt: Ei loddtrekking der eit svært lykkehjul til slutt stoppar på eit tal mellom 100 og 699. Den med innlevert fangst som i gram er nærast talet på lykkehjulet, vinn hovudpremien.

Premien blei trekt direkte frå Skei hotell.

Laurdag kveld hadde sogningen reist heim igjen til Hafslo og sete seg til rette i sofaen saman med nokre kompisar. Dei skulle sjå fotball. Likevel måtte dei følge med på livesendinga frå aurefesten. Idealtalet viste 356. Med ein innlevert fangst på 357 gram, begynte 60-åringen verkeleg å tru på siger.

Var– Då tenkte eg at det måtte gå vegen, det måtte halde.

Måtte velje tre av fem

Solvi har vore med tre år før og alltid fått fisk, seier han. Det gjorde han altså i år også.

På tre timar, mellom 11 og 14, drog han i land fem fiskar. Sidan det berre var lov å levere inn tre i konkurransen, måtte han velje.

– Eg valde dei rette, for å seie det slik.

Vanlegvis er hovudpremien ein bil, men Solvi er meir enn nok fornøgd med hundre tusenlappar. Timeløna klagar han ikkje på. Kva han skal bruke pengane på, har han ikkje rokke å tenke over.

– Eg får la det sige inn litt. Det er framleis tidleg, og eg tar eg det som det kjem. No ser eg dei har kome med litt Gabrielsen-konjakk her, så vi tar nok ei lita feiring i kveld.

Heime har han kone og to døtrer. Dei har han enno ikkje fått prata med før Firda ringer.

– Men dei blir nok fornøgde når dei får høyre dette.

875 innom

– I toppen der var det relativt tett, men Solvi var nærast og berre eitt gram ifrå, seier prosjektleiar for aurefesten, Svein Inge Bjørkedal.

Mellom torsdag og laurdag blei det levert inn 137 kg jølsteraure, fordelt på 595 stykk, fortel han. I løpet av langhelga har 875 vore innom.

– Vi er veldig nøgde og har nesten ikkje hatt lov til å vere fleire.

Kategori: