Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Category:

Nær 300.000 laks har rømt frå norske oppdrettsanlegg til no i år. Det er nesten ei dobling i høve til i fjor. Dei som forvaltar villaksen er rasande. - Kor lenge skal oppdrettsnæringa  få øydelegge for villaksen før den blir skikkeleg regulert, spør dei..

– Oppdrettsbransjen påfører norske lakseelvar og villaksen katastrofale problem. Det gjeld både gjennom genetisk forureining, spreiing av sjukdomar og spreiinga av lakselus, seier Knut Munthe Olsen til NRK. Han er leiar i Sogn villaksforeining og grunneigar i Årøyelva i Sogndal 

Category:

Fiskeridirektoratet har teke imot melding om at kring 10.000 oppdrettslaks har rømt i Sognefjorden.Eit hol i eit not førte til at tusenvis av fisk rømte frå ventemerdene på Slakteriet Brekke i Gulen, i helga som var, melder NRK /NTB.  

Leni Marie Lisæter, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet, fortel at det var arbeidarar på fabrikken som oppdaga det heile.– Dei tilsette kom på jobb måndag morgon, og då var me nesten tom for fisk. Det var berre 700 laks att, seier ho.