Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Rauma friskmeldt, men uvisst når vassdraget kan opnast for ordinært fiske.

‒ Det er ei stor glede at vi har fått friskmeldt elvane i Raumaregionen i villaksen sitt år. Gyrodactylus salaris er ein framand, skadeleg art som har gjort stor skade på naturmangfaldet i Noreg.

Etter 40 års gyro-krig  er  vi kvitt parasitten i Romsdalen og eit skritt nærare målet om å fjerne denne trusselen som har gitt oss samfunnskostnadar i milliardklassen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, som ikkje kan love kva tid Rauma-vassdraget kan opnast for ordinært sportsfiske.

 

Omfattande arbeid med bekjemping og bevaring

Raumaregionen består av elvane Rauma, Istra, Hensvassdraget (Isa m/Glutra), Innfjordelva, Måna, Breivikelva og Skorga. For nesten 40 år sidan vart lakseparasitten Gyrodactylus salaris introdusert her. Parasitten er ein innført framand art som kan utrydde heile bestandar av villaks i smitta elvar.

Rotenonbehandlinga i 1993 var mislukka for parasitten vart påvist att i 1996, og spredte seg deretter igjen til nabovassdrag. Derfor vart det gjort nye behandlingar i 2013 og 2014. Rauma er med sin 42 kilometer lakseførande strekning den lengste elva som er rotenonbehandla til no.

Friskmeldinga er resultat av eit omfattande arbeid når det gjeld bekjemping, reetablering og overvaking, og har kosta over 100 millionar kroner.

– Laksebestandane i elvane var så godt som utrydda i naturen. Reetableringa av bestanden starta allereie fyrste året etter siste behandling. Genmaterialet er teke vare på i Miljødirektoratets genbank på Herje, og vassdraga kan dermed bli reetablerte med laks som er genetisk tilpassa dei lokale forholda, seier Hambro.

Fleire etatar involverte

Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for bekjemping av Gyrodactylus salarisog bevaring/reetablering av bestandane.

Fylkesmannen har ansvaret for å leie dette arbeidet regionalt.

Veterinærinstituttet har på oppdrag frå Miljødirektoratet ansvar for den praktiske gjennomføringa av både bevaring/reetableringsarbeidet og den kjemiske behandlinga.

Mattilsynet har ansvar for overvaking og smittereduserande tiltak.

+ Vis mer

Vurderer opning av fisket

Rauma har lang tradisjon som ei populær elv for laksefiskarar. Det er knytt spenning til når det kan bli opna for ordinært fiske i vassdraga.

‒ Vi veit at reetableringa av bestandane ligg godt an, men vi kan ikkje seie noko sikkert om fisket før vi veit om gytebestandsmålet er nådd. Vi må gjere ei fagleg vurdering når vi får resultata frå gytefiskteljinga no i haust, men eit sterkt avgrensa fiske dei fyrste åra etter ei friskmelding er vanleg.

Gyrodactylus salaris i Norge

  • Gyrodactylus salaris har ført til årlege inntektstap på om lag 200-250 millionar kroner, og har kosta Noreg tre-fire milliardar kroner.
  • Har vore påvist i totalt 50 vassdrag fordelt på 17 smitteregionar. Utryddingstiltak har i monaleg grad minka omfanget.
  • Med friskmelding av Rauma er i dag 38 vassdrag friskmelde, 5 vassdrag venter på friskmelding etter behandling og 7 vassdrag står att som infiserte - 4 i Drivaregionen og 3 i Drammensregionen.
  • Vart introdusert til Norge gjennom innførsel av framand laks og regnbogeaure minst fire gonger.
  • Parasitten har tidlegare vore den største menneskeskapte trusselfaktoren mot norske laksebestandar. Arbeidet med å fjerne han har høgt prioritet, og dei siste åra har Vitenskapelig råd for lakseforvaltning nedgradert trusselen frå parasitten.

+ Vis mer

Hindre spreiing av parasitten

For å hindre spreiing av Gyrodactylus salaris til nye vassdrag, må alle som ferdast mellom elvar og innsjøar vere nøye med å desinfisere og tørke brukt utstyr.

Det er forbode å flytte fisk mellom alle elvar og vatn, og mellom ulike delar av same vassdrag. Det er viktig å hugse at parasitten kan overleve fleire dagar i frie vannmassar. Fiske- og padleutstyr må anten verte tørka eller desinfiserte.

Les meir

Les meir om Gyrodactylus salaris hos Miljødirektoratet

Mattilsynet om å hindre smittespreiing

Les meir om parasitten hos Veterinærinstituttet

Kontakt

  • Dag Stian HusbymedierådgiverThis email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.">E-post(Vis)+4798475911
  • Jarle SteinkjerprosjektlederThis email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.">E-post(Vis)+4793454195
  • Elin RøsholPressekontakt Fylkesmannen i Møre og RomsdalThis email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.">E-post(Vis)71 25 85 13 / 908 67 216
Category: