Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Her er julegåvene frå to drevne fiskarar som kjenner Hallingdals-auren!

Trond Andersson og Olav Randen bestemte seg for å lage bok om fiske, men ideen la på seg til to bøker før dei var ferdige. Akkurat som ei god fiskehistorie.

Sigmund Krøvel-Velle

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Bøkene «Ørretfiske i Hallingdal» vart nyleg presenterte på Ål bibliotek. Dei to små bøkene har felles tittel, men kvar bok handlar om fiske ut frå forskjellige perspektiv. Trond Andersson sitt perspektiv er «Med fiskestang i Hallingdals elver og vann». Olav Randen skriv om «Ørret og ørretfiske gjennom ti tusen år». Dei blir levert saman i ein hendig kassett, litt større enn ein CD. Formatet er beskjedne 14 x 15 cm. Men om bøkene er av beskjeden storleik, er dei dess meir innhaldsrike.

Frå boka: Ein storfisk har gitt tapt for fiskaren. Foto: Trond Andersson.

Opplevingar

For Trond Andersson handlar fiske først og fremst om å vere ute i naturen, oppleve naturen og overliste nokre av naturens arter. Og då snakkar me om fiske i elva, fiske i vatn og tjørn, isfiske, vårfiske, fiske under Hallingskarvet eller i Godfarfossen, i Holselva eller i Hemsil. Saman med vener, kompisar og barnebarn. Kvar fisketur kan by på nye opplevingar, enten det no gjeld sommarvarme, iskulde, vakre solnedgangsstemningar eller andre ting. Den mest håret opplevinga til Trond var møtet med ein bjørn i Hallingdalselva. Denne boka er rikt illustrert med bilete, tekne av så vel forfattaren sjølv, som av fiskekameratar og andre.

Frå boka: Fiske i Djup i august 1940. Mannen til venstre med bayerflaska er Ola Dusegard, kalla Duser'n. Til høgre ein ukjent, truleg ein bykar. Foto frå Ål Bygdearkiv. Foto: Ål bygdearkiv

Historie

For Olav Randen handlar det meir om matauk og eit historisk perspektiv på fisket. Han startar med eldre steinalder og fører linja fram til i dag, eit spenn på ti tusen år. Spesielt interessant syns eg det er når han skriv om fisket i fjellvatna, og om arbeidet etter krigen med å produsere ny settefisk. Denne boka har ei rekke historiske bilete.

Stimulere

Bokfakta

Andersson og Randen vonar at desse bøkene kan stimulere fiskeinteressa i Hallingdal. Det er mange elver og vatn i dalen, og dei fleste er overbefolka av fisk.

– Hovudproblemet er ikkje at uttaket av fisk er for stort, men at det er for lite, seier dei.

Dei meiner det er plass til langt fleire med fiskestong.

– Viss me deler våre opplevingar og kunnskapar med lesarane, vil me kanskje inspirere fleire til å ta fiskestonga i bruk, eller fleire til å arbeide med kultivering av elver og vatn, seier dei to.

Kategori: