Fiskeguiden.no

Nyheter, reportasjer og 2500 norske fiskeplasser

Vil ha kompensasjon for miljøskader som følgje av kraftutbygging

Hol kommune ønskjer at det blir oppretta miljøfond og næringsfond som kompensasjon for skader som ikkje er mogleg å reparere etter kraftutbygginga.

Det er i samband med revisjonen av konsesjonsvilkåra for Uste-Nes-utbygginga at Hol har kome med dette kravet.Hol meiner også at alle reguleringsavgifter og kompensasjonar må justerast opp til dagens nivå, skriv avisa Hallingdølen.

Bakgrunnen er at revisjonsdokumentet for reguleringa av Uste- og Hallingdalsvassdraget har vore ute på høyring.

Dokumentet er skrive av Foreningen til Hallingdalsvassdragets Regulering/E-CO i samarbeid med kommunane Hol, Ål, Gol og Nes. Bakgrunnen for arbeidet er konsesjonen som vart gitt i Stortinget i 1962 og som omfatta den siste store kraftutbygginga i Hallingdal: Uste-Nes. Då Oslo Lysverker fekk konsesjon, vart den gitt på strenge vilkår. Kraftprodusenten vart derfor pålagt å gjere tiltak for å bøte på skadeverknadene frå utbygginga. Det handla om auka minstevassføring for omsynet til fiske og terskeldammar i elveløpet. Innspela handla også om at dei store steintippane måtte gjerast minst mogleg synlege. Slike miljøtiltak var nye og vart seinare heilt vanleg. Hovudmålet med revisjonen er å betre miljø- og naturforhold og bøte på ulemper og negative verknader av utbygginga.

Sist veke vedtok formannskapet høyringsuttalen.

Her blir det peika på følgjande hovudutfordringar:

* Tilstrekkeleg minstevassføring frå Ustaoset til Strandafjorden.

* Ta vare på funksjonen til Usteåne som resipient for Geilo.

* Unngå skadeflaum.

* Utbetre strekninga Ustaoset – Strandafjorden med tersklar, miljødesign og attgroing.

* Ta vare på fisk, næringsdyr, fiske, friluftsliv og estetikk.

* Oppgradere økonomiske vilkår til dagens standard og opprette miljøfond og næringsfond som kompensasjon for skader som ikkje er mogleg å reparere.

Det er ikkje alle desse punkta Hol kommune og kraftprodusenten E-CO er samde om.

Det gjeld siste punkt om oppgradering av økonomiske vilkår og opprettinga av miljøfond. E-CO og Hol kommune er også usamde om tiltak som må settast inn mot ørekyte. Ørekyte har med stor sannsyn vorte sett ut saman med aure som regulanten er pålagd å sette ut. Derfor må regulanten påleggast tiltak for å avgrense skadene, meiner Hol kommune.

Kategori: